Dekkssjef/overstyrmann Mordalsvågen - Solholmen
FJORD1 AS
| Company | FJORD1 AS |
| Category | Operations & Admin |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Full-time |
| Level | Lead |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 13 Jul 2026 |
| Last verified | 9 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Fjord1 har no ei ledig stilling som dekkssjef/overstyrmann i sambandet Solholmen - Mordalsvågen, p.t. MF Ivar Aasen. Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir bred erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs. Turnus er 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. Vi tilbyr ei attraktiv stimuleringsordning og dekka reise ved første og siste vakt i arbeidsperiodar der reiseavstanden overstig 30 km for dei som ønskjer å delta på ordninga. Søkjar bør bu lokalt. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande
Arbeidsoppgåver Leiar for dekksavdeling Avløysar for skipsførar Ettersyn på navigasjonsutstyr Oppgåver iht alarminstruks Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk Opplæring, utvikling og trening av personell At mannskapet har riktig verneutstyr At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte At kommunikasjonsutstyr er i orden At billettering og kontroll vert utført At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg Kvalifikasjonar Minimum D3-sertifikat GMDSS/ROC-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Personlege eigenskapar Vi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund. Vi tilbyr ei attraktiv stimuleringordning der du ved å arbeide 7 ekstra dagar årleg får løn tilsvarande 12 overtidsvakter. Reiseutgifter vert dekka ved første og siste reise i arbeidsperiodar der reiseavstanden overstig 30 km. Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Skiftordning: 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. Treningsmoglegheiter om bord. KontaktinformasjonJill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518
Arbeidsstad
6411 Molde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5128640898
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.07.2026
Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.