Er du medisin- eller sjukepleiestudent som ønsker relevant arbeidserfaring i studietida? Vi har ledige studentstillingar
Undisclosed company
| Company | Undisclosed company |
| Category | Uncategorised |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Full-time |
| Level | Not stated |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 14 Aug 2026 |
| Last verified | 14 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Vi søker etter medisin- eller sjukepleiestudentar som ønsker å kombinere studie med relevant arbeid gjennom utdanninga. Stillinga er lagt opp etter ein karrieremodell på 4,5 til 6 år og inneheld arbeid ved einingar innan somatikk, rus og psykiatri. Rotasjon er basert på 1,5 - 2 år på kvar eining. Treng du fleksibilitet for å kombinere studie med relevant arbeid gjennom heile utdanninga? Då er dette ein unik sjanse til å opparbeide seg kompetanse på tvers i Vestlandets leiande sjukehusmiljø. Stillinga føreset arbeid i 4 veker med 100% stilling under ferieavvikling ved sjukehuset gjennom tilsettingsperioden.
Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva eining du jobbar ved I somatikken vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere praktisk arbeid, pleie og oppfølging av pasientar I psykiatri og rus vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere pasientoppfølging med fokus på å skape gode relasjonar, og å motivere pasientar til å meistre problema sine på ein god måte Delta i det daglege miljøarbeidet med pasientar og praktiske oppgåver delegert frå ansvarshavande Stillinga føreset arbeid i 4 veker med 100% stilling under ferieavvikling ved sjukehuset gjennom tilsettingsperioden Kvalifikasjonar Du må ha 400 timar pleieerfaring frå grunnleggande stell/pleie Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare Personlege eigenskapar Du har eit ønske om allsidig erfaring innan ulike ulike einingar Du er tilpassingsdyktig og finn deg til rette i ulike miljø Du har utvikla gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Du taklar endringar i kvardagen og høgt tempo Du er fagleg dyktig og er interessert i å lære meir Du har ei vennleg og respektfull framferd med pasientane, og ønsker å gjere «det lille ekstra» for at dei skal ha det bra Vi tilbyr Du vil få tilsetting i fast 22% stilling via Bemanningssenteret med arbeidsstad ved ulike einingar i føretaket 10 helgar i løpet av eit år som blir planlagd saman med leiar i årsturnus Resterande timar er fleksible. (ca 20 timar kvar månad) og desse blir planlagde etter kvart i samarbeid mellom tilsett og leiar Det er rotasjon på ulike avdelingar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonCathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5165167843
Stillingsprosent: 22%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026
Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.