Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Seksjonsleiar - digital innovasjon og operasjonalisering

FINANSTILSYNET
CompanyFINANSTILSYNET
CategoryOperations & Admin
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelManager
SalaryNot stated by the employer
Posted27 Jul 2026
Last verified9 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Finanstilsynet søker framtidsretta leiar som vil ha ei nøkkelrolle i å utvikle og modernisere dei digitale løysingane våre. Som seksjonsleiar for digital innovasjon og operasjonalisering får du ei sentral rolle i å vidareutvikle Finanstilsynets digitalisering, frå strategiske føringar til konkret gjennomføring. Du vil leie ein seksjon med høg fagleg kompetanse, og samarbeide tett med både fag- og teknologimiljø på tvers av organisasjonen. Seksjonen består i dag av 13 medarbeidarar med bakgrunn innan arkitektur, utvikling og prosjektleiing. Seksjonen har ansvar for forvalting og vidareutvikling av sentrale eigenutvikla applikasjonar, og du vil ha påverke korleis teknologi blir tatt i bruk for å effektivisere og vidareutvikle tilsynsarbeidet. Som seksjonsleiar vil du ha personalansvar for medarbeidarane i seksjonen og inngå i leiargruppa til avdelinga. Du vil rapportere til direktør for digitalisering og rapportering. I rolla vil du blant anna ha ansvar for å leie, utvikle og følgje opp medarbeidarane og kompetansen til seksjonen sikre stabil og sikker drift av Finanstilsynets eigenutvikla applikasjonar drive fram sentrale digitaliseringstiltak og moderniseringsinitiativ prosjektstyring på tvers av teknologimiljøet, forvalte delar av IT-budsjettet, gjennomføre IT-anskaffingar og sikre god leverandørstyrings samarbeide tett med fagavdelingar om behov, prioriteringar og gevinstrealisering Sentrale ansvarsområde Seksjonen har ei nøkkelrolle i Finanstilsynets vidare modernisering, og arbeider blant anna med utvikling og forvalting av felles løysingar og digitale tenester overgang til skybaserte løysingar koordinering av IT-utviklingsarbeidet på tvers av verksemda prosjektkontor med ansvar for anskaffingar, økonomistyring og avtaleoppfølging utvikling av metodar og rammeverk Kven ser vi etter? Vi ser etter ein leiar som kombinerer teknologiforståing, gjennomføringsevne og gode samarbeidsevner. Du trivst i skjeringspunktet mellom fag og teknologi, og blir motivert av å skape resultat saman med andre. Vi trur du har relevant høgare utdanning på masternivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet leiarerfaring og/eller erfaring med å leie større prosjekt eller initiativ erfaring med digitalisering, utvikling eller forvalting av IT-løysingar god forståing for korleis teknologi kan brukast til å forbetre prosessar og tenester svært gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar, og gode engelskkunnskapar erfaring med offentlege anskaffingar og økonomistyring vil tilleggast vekt erfaring frå offentleg sektor og/eller finansnæringa er ein fordel  Stillinga krev at du kan sikkerheitsklarerast på nivå BEGRENSET. Personlege eigenskapar Du er ein tydeleg og motiverande leiar som skaper retning og engasjement. Du evnar å få ting til å skje og sikre framdrift. Du bygger gode relasjonar og samarbeider effektivt på tvers. Du er strukturert og analytisk, med god heilskapsforståing. Du er nysgjerrig på teknologi og ønsker å drive innovasjon. Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil tilleggast vekt.  Kvifor velje Finanstilsynet? Hos oss får du ei leiarrolle med reell påverknad på digitaliseringa av ein viktig samfunnsinstitusjon moglegheit til å jobbe med komplekse og meiningsfulle problemstillingar eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer gode utviklingsmoglegheiter i ein organisasjon i endring fleksible arbeidsordningar og gode velferdsordningar pensjonsordning moglegheit for lån i Statens pensjonskasse Stillinga blir lønt som seksjonssjef (kode 1211) i lønnsspennet kr 1 150 000 til kr 1 250 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.    Viktig informasjon til deg som søker stillinga Stillinga er ei leiande stilling, jf. ar