Seksjonsleiar/ driftsleiar
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
| Company | HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS |
| Category | Operations & Admin |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Full-time |
| Level | Manager |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 23 Jul 2026 |
| Last verified | 10 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Er du interessert i menneske, logistikk og teknologi? Då kan du vere den rette til å leie produksjonseininga vår i Hospitaldrift Tekstilforsyning. Vaskeriet vårt søkjer ein ny seksjonsleiar. Her vil du møte engasjerte medarbeidarar og få ein aktiv og variert arbeidskvardag. I tillegg til leiar- og driftsansvar for vaskeriet vil du arbeide med prosjekt innan tekstilforsyning til sjukehuset, prosjektstyring internt i vaskeriet og samarbeid med andre einingar i Hospitaldrift. Tekstilforsyning er éi av sju einingar i Hospitaldrift, som igjen er ei viktig avdeling i Drift/teknisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus. Divisjonen omfattar sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Tekstilforsyning har som hovudoppgåve å levere ei berekraftig teneste og er hovudleverandør av tekstilar til sjukehusdrifta i Helse Bergen. Som seksjonsleiar får du gode moglegheiter til å utvikle seksjonen, medarbeidarane dine og deg sjølv. Ditt bidrag kan gjere kvardagen enklare for pasientar og tilsette ved sjukehuset. Du vil ha ei sentral rolle i arbeidet med forbetringsprosessar og logistikk i eiga eining, i samarbeid med brukarane og kundane våre, samt med andre avdelingar ved sjukehuset. Vi søkjer ein leiar som ser den enkelte medarbeidaren, bidrar til eit positivt og berekraftig arbeidsmiljø, og som kan vidareutvikle og forbetre prosessane og samarbeidsevna vår. Du vil få med deg dyktige medarbeidarar og nøkkelpersonar i drifta. Som seksjonsleiar inngår du i leiargruppa for eininga.
Arbeidsoppgåver Som seksjonsleiar vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta og den vidare utviklinga av seksjonen. Du vil mellom anna: Leie, organisere og vidareutvikle seksjonen i tråd med mål og strategiar Ha heilskapleg fag-, økonomi- og personalansvar Sikre god drift og oppfølging av system for teknisk vedlikehald av maskinparken Leggje til rette for opplæring, kompetanseutvikling og fagleg vekst hos medarbeidarane Delta i og leie anskaffings- og investeringsprosessar for seksjonen Vere ein aktiv del av leiargruppa i eininga og bidra til godt samarbeid på tvers av fagområde og avdelingar Drive kontinuerleg forbetringsarbeid innan drift, logistikk og arbeidsprosessar Byggje gode relasjonar med kundar, brukarar og samarbeidspartnarar internt i sjukehuset Dette er ei stilling for deg som trivst med å kombinere menneskeleg leiing, operativ drift og strategisk utviklingsarbeid. Som seksjonsleiar får du høve til å påverke både tenestene vi leverer og arbeidskvardagen til medarbeidarane dine. Kvalifikasjonar Vi søkjer ein erfaren og utviklingsorientert leiar med relevant høgare utdanning innan tekniske fag, logistikk eller tilsvarande Du har god forståing for drift, logistikk og forbetringsarbeid, og trivst med å bruke data og digitale verktøy som grunnlag for styring og utvikling Erfaring frå produksjonsverksemd eller vaskeri er ein fordel Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg, og har evne til å skape engasjement, samarbeid og resultat gjennom andre Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som ønskjer å vere ein viktig ressurs i utviklings-, endrings- og forbetringsarbeid. Du ser den enkelte medarbeidaren sine styrkar og utviklingsmoglegheiter, og er oppteken av å leggje til rette for meistring, engasjement og fagleg vekst Du har ein inkluderande leiarstil og skapar gode resultat gjennom samarbeid. Som leiar kommuniserer du tydeleg, byggjer tillit og etablerer gode relasjonar både internt og eksternt. Du trivst med å arbeide saman med andre, er løysingsorientert og bidreg til eit positivt og berekraftig arbeidsmiljø Vi tilbyr Hos oss får du leie ein viktig seksjon med eit samfunnskritisk oppdrag. Tekstilforsyning er ein sentral støttefunksjon som er avgjerande for smittevern, pasienttryggleik og effektiv sjukehusdrift. Ei veldriven seksjon med dyktige medarbeidarar som legg vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og gode resultat Eit godt arbeid