Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Vil du bli vår nye maskinsjef?

FJORD1 AS
CompanyFJORD1 AS
CategoryOperations & Admin
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelMid
SalaryNot stated by the employer
Posted6 Aug 2026
Last verified8 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Vi søkjer etter ein engasjert maskinsjef til fartøyet MF Lote, som trafikkerer sambandet Bognes - Skarberget.  Attraktiv turnus med mykje fri: 2 uker nattarbeid, 4 uker fri. Deretter 2 uker dagvakter, 2 uker fri. I Fjord1 får du også gode velferdsordningar og tilsettgoder. Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, i eit team med trivelege og inkluderande kollegaer. Dette er ein jobb som let deg kombinere arbeid og fritid.  Det er mogleg å bu ombord i arbeidsperioden. Oppstart fortløpande.  Arbeidsoppgåver Lei det tekniske arbeidet om bord og sørg for at alt utstyr fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav. Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem. Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt.  Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks. Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument.  Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav.  Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.  Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging. Kvalifikasjonar Minimum M3-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Allsidig erfaring som maskinsjef Personlege eigenskapar Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.  Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. Attrakive velferdsordningar og tilsettgoder.  KontaktinformasjonJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, [email protected] ArbeidsstadBognes - Skarberget 8539  Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5131579368 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.08.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.